Me inviterer deg til ei stemningsfull stund i minnelunden 1. november kl 1730


Saknar du nokon som ikkje er her lenger?
Her kan du minnast nokon du er glad i, tenne eit lys eller berre vere ei stund. Med tonar frå hardingfela til Svein Laingen Kjerland er alt lagt til rette for ei varm og stemningsfull atmosfære.

Konfirmantane sørger for flammer i bålpanna og varm kaffi. Om veret skulle bestemme seg for å bli ruskete, tar me den lune stunda inne i kyrkjelydssalen.

 

Minnegudsteneste
Etter samlinga går dei som ønskjer det inn i kyrkja for minnegudsteneste som startar kl 1800. Det blir hardingfeletonar også der. Me håper mange blir med. Velkommen! 

Tilbake