Ein kveld med historisk perspektiv


Tysdag 8. september kl. 18.00  blir det ei historisk stund i Eidfjord gamle kyrkje.

Lars O. Bleie kjem for å fortelje om kyrkja og om tida ho var i bruk. Det er få, om nokon, nålevande som kjenner historia til Eidfjord gamle kyrkje betre enn han. Det var også han som skreiv jubileumsboka »Eidfjord gamle kyrkje 700 år» som vart gitt ut av Eidfjord kommune i 2009.

 

Rannveig Djønne kjem med toradaren sin og fyller den gamle kyrkja musikk. Det høyrer naturleg  med når historia skal formidlast.

Det er Eidfjord historielag og Eidfjord kommune i lag med Eidfjord kyrkje som arrangerer. Gjennom historie, forteljingar og musikk får me eit blikk bakover i tid.

Frå fjell og dal, til fots eller i robåt på ein uroleg fjord, kunne kyrkjevegen vere lang. Men til kyrkja skulle dei – både i helg og høgtid, i glede og i sorg.

Kyrkjebakken var samlingsstaden der folk møtte slekt og venner. Her vart mang ei arbeidskontrakt stadfesta og mang ein handel avgjord. Før avisene, før radioen og fjernsynet var det på kyrkjebakken folk fekk høyre nytt frå inn og utland.  Gjennom sju hundre år var Eidfjord gamle kyrkje den største og viktigaste kulturberaren i bygda vår.

Kyrkjerommet er enkelt, og står framleis slik det har gjort gjennom mannsaldrar – uendra og opphavleg. Denne kvelden skal vi følgje kyrkja gjennom hundreåra og møte med nyare tider.

Soga fortel oss at Eidfjord ikkje var ei innestengd bygd, men hadde kontaktar til bygdene både austafjells, mot vest og mot havet – og til og med med utlandet.

Alt dette, og mykje meir, får du høyre om denne kvelden. Er du interessert i historia til kyrkja og bygda er det her du bør vere. Klarer me å fylle gamlekyrkja denne dagen?

Tilbake