Ledige stillingar i Ulvik sokn


Det er ledig to faste stillingar i Ulvik sokn. 40% kyrkjegardsarbeidar og 20% reinhaldar/supplerande kyrkjetenar.
Stillingane kan kombinerast. Din leiar vert kyrkjeverja i Ulvik, Willemina van Manen. Søknadsfrist for begge stillingane er 15. oktober 2025. Oppstart i stillingane blir etter avtale. Velkomen som søkjar.

Gravplassmedarbeidar – 40 % fast stilling
Vil du vere med å ta vare på gravplassane i vakre Ulvik og skape rolege, velstelte område for lokalsamfunnet? 

Ulvik sokn søkjer ein engasjert medarbeidar til praktisk utearbeid med stell av grøntområde og gravar, samt administrativ støtte i vinterhalvåret.
Stillinga er på 40 % og har variert innhald gjennom året.

Bli ein del av eit triveleg team! 
Arbeidsoppgåver
Gravplassvedlikehald
•    Grasklypping og kantklipping 
•    Vedlikehald av stiar
•    Beskjering av buskar og trear
•    Gravstell og innkjøp av blomar
•    Utjamning av grav
•    Fjerning av gravstein
•    Vedlikehald av minnelund
•    Se til at gravminne er sikra
•    Fjerning av bukettar, kransar osv. frå ny gravlagde etter ein stund
•    Merking av nye gravar med kross med namn
•    Syta for at gravplassane vert halden i god stand og sjå til at det er ro og orden
•    Vedlikehald av utstyr
•    Fagleg samarbeid med Eidfjord, samarbeid ved behov på oppdrag
•    Vikardekning mellom Ulvik og Eidfjord ved behov
 
Administrativ støtte (vinterhalvåret)
•    Arbeid i Ecclesia knytt til gravstell og festeavtalar
•    Arbeid i kyrkjebyggprogram Plania
Generelle arbeidsoppgåver
•    Delta aktivt på stabsmøter

Kvalifikasjonar og eigenskapar
•    Praktisk erfaring frå vedlikehaldsarbeid, hagearbeid eller liknande
•    Likar fysisk arbeid ute i all slags vêr
•    Har orden, ansvarskjensle og praktiske ferdigheiter
•    Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
•    Serviceinnstilt og ryddig
•    Trivst med varierte oppgåver
•    Grunnleggjande datakunnskap er ein fordel

Me tilbyr
•    Fast 40% stilling i godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
•    Variert og meiningsfullt arbeid 
•    Løn etter tariff
•    Fleksibilitet i arbeidsplanlegginga
Søknadsfrist: 15.oktober 2025
Oppstart: Etter avtale
Send søknad med CV til: Eidfjord kyrkjekontor (vikarierer for Ulvik ved sjukefråver), Lægreidsvegen 24, 5783 Eidfjord eller post@eidfjordkyrkje.no

 

Reinhaldar / Supplerende kyrkjetenar 20 % fast stilling

Vil du vere med og skape gode rammer rundt gudstenester og samlingar i vakre Ulvik kyrkje?
Ulvik sokn søkjer ein eingasjert medarbeider som kan ta ansvar for reinhald og praktiske oppgåver i kyrkja. Arbeidstid vert avtalt nærare, men noko helgearbeid må påreknast. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å halde orden og har eit auge for detaljar.
Bli ein del av eit triveleg team!
Me ser etter deg som:
•    Har erfaring frå reinhald eller praktisk arbeid (ikkje krav)
•    Har evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
•    Er serviceinnstilt og ryddig
•    Trivst med varierte oppgåver
•    Grunnleggjande datakunskap er ein fordel
Arbeidsoppgåver
Reinhald – kyrkje og kyrkjekontor
•    Generelt reinhald (støvsuging, støvtørking og toalettreinhald)
•    Rydding og orden i kyrkja og kyrkjekontoret sine rom
Supplerende kyrkjetenar 
•    Branntilsyn i Ulvik kyrkje (månadleg brannrunde og rapportering)
•    Tilsyn med piano (damp chaser, ukentleg sjekk og påfyll ved behov)
•    Lage altarbukettar og ordne med blomar til gudstenester
•    Reingjering og praktisk tilsyn (t.d. fjerning av ljosvoks frå ljoseglobe)
•    Innkjøp og bestilling av nødvendige varer til kyrkje og gudstenester (forbruksmateriell, reingjeringsmiddel, lys, oblatar, vin m.m.)
•    Melde frå til kyrkjeverja ved behov for reparasjonar eller ekstern oppfølging
•    Vikarteneste for kyrkjetenaren ved sjukdom og ferie, med mogleg arbeid i helg unntaksvis
Generelle arbeidsoppgåver:
•    Delta aktivt på stabsmøter

Me tilbyr
•    Fast 20% stilling i godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
•    Variert og meiningsfullt arbeid 
•    Løn etter tariff
•    Fleksibilitet i arbeidsplanlegginga
Søknadsfrist: 15.oktober 2025
Oppstart: Etter avtale
Send søknad med CV til: Eidfjord kyrkjekontor (vikar for Ulvik ved sjukefråver), Lægreidsvegen 24, 5683 Eidfjord eller post@eidfjordkyrkje.no
 

Tilbake