For alle familiar med barn i barnehagealder.
Dato:
Kl. 16.00 – 17.45
Torsdag 08. September
Torsdag 06. Oktober
Torsdag 03. November
Torsdag 01. Desember
Hei.
Eg har høyrt at du går i barnehagen. Eg er Rolf Trustein. Og eg vil invitere deg saman med familien din til minikyrkje. Kanskje du har vore med før, da veit du jo godt kva som skjer. 😊 Viss ikkje, så skal eg nett fortelje deg kva minikyrkje er. Minikyrkje er veldig kjekt. Først møtast me i kyrkja til felles middag. Det er middag fram til kl. 16.45. Så de kan komme når det passer for dykk. Når du er ferdig med å ete er det leiker og hobbyaktiviterter i kyrkja. Etter ei stund samlar me oss og syng i lag. Manuela fortel alltid ein forteljing som står i bibelen. Me avsluttar alltid med masse såpebobler 😊 Håper du har lyst å vere med.
Eg gler meg til å helse på deg.
Helsing Rolf
Informasjon til foreldre:
For å unngå matsvinn eller for lite mat ber me om påmelding innan kl. 12 same dag som minikyrkje er. Påmelding via SMS til Manuela (40216611) eller via facebookarrangement. Påmelding må innhalda namn til barnet og tal personar og evl. matallergiar. Søsken er velkommen å vere med. Barna må komme i følgje med ein vaksen.
Me byrjar med middag. Det er middag mellom kl. 16.00 og 16.45. Kom når det passer for dykk.
|