Invitasjon til «Ferie utan koffert» i Eidfjord kyrkje
første tysdag i månaden kl. 10.00 – 14.00
Dato: 06.09. / 04.10. / 01.11. / 06.12.
Samlinga i september er avlyst på grunn av eit gravferd.
Kjære Eidfjording over 65 år.
Kanskje du var med sist når me hadde ferie utan koffert i februar eller du har høyrt om det. «Ferie utan koffert» er akkurat rett for deg som vil ta ein liten pause frå kvardagen, komme seg litt vekk og nyte ei god stund i lag med andre men utan å måtte reise langt.
I haust inviterer me i Eidfjord kyrkje til korte «Ferie utan koffert»-reiser. Ein gong i månaden treffast me i kyrkja for ei hyggeleg stund saman. Me byrjar med kaffistund, litt program og avsluttar med eit felles måltid. Ingeborg Wijland står for programmet og me kan røpe allereie no at det blir innhaldsrikt med mange opplevingar frå nær og fjern.
Påmeldingsfristen er dagen før for kvar gong. Prisen er kr. 150,- per arrangement.
På grunn av personvern kan me berre sende ut invitasjonar til dei som er meldt inn i kyrkja. Så veit du om Eidfjordingar over 65 år som ikkje har fått invitasjon, inviter dei. Alle er velkomne.
Me håper du har lyst å vere med. For spørsmål og påmelding kan du ringe til kyrkjekontoret 53 66 52 51 eller sende e-post til Manuela manuela@eidfjordkyrkje.no
Helsing Ingeborg, Manuela og Johannes