Open kyrkje: Kvar siste tysdag i månaden kl. 14 – 15 og kvar første torsdag i månaden kl. 18.30 – 19.30.
Kyrkje skal vere open fast to gongar i månaden heile året. Eidfjord kyrkje står open 1 time. Kvar siste tysdag i månaden kl. 14 – 15 og kvar første torsdag i månaden kl. 18.30 – 19.30. Det blir musikk frå orgel eller piano eller musikk frå høgtalar. Kom, tenn eit ljos, sett deg ned og føl korleis roen senker seg i kyrkjerommet. Alle er velkommen, men me be om å vere stille i løpet av den time. Har du behov for ein samtale, vil det vere nokon der du kan snakke med.
Har du lyst å hjelpe til som frivillig? Koke kaffi, ta imot folk eller du vil bidra med musikk? Ta kontakt med Manuela manuela@eidfjordkyrkje.no