Går du i 5 klasse? Bli ein minikonfirmant


Du har nettopp begynt på mellomtrinnet etter sommarferien så det tek ei stund til før du skal

konfimera deg. Men som minikonfirmant får du allereie ein smakebit av konfirmanttida.

 

I 6 samlinger utover hausten til våren skal me møtast i peisestovo og ha det kjekt i lag med mat, aktivitetar, song og leik

Me skal høyra om Moses, prinsen av Egypt som førte folket sitt ut av Egypt og til det lovde land.

Me skal forska bibelen på leit etter fortelijingar om born som gjorde noko viktig.

Me skal besøkja Eidfjord Gamle Kyrkje som pilegrimar for å høyre historia om apostelen Jakob.

Det vert sett opp eit jolespel igjen dette året og minikonfirmantane skal hjelpe med det. Enten på scena i ei rolle eller bak scena med praktiske oppgåver slik som styra lyd, lys og rekvisitt.

Minikonfirmantåret avsluttar med ein felles leir ved grendahuset på Bu saman med minikonfirmantane frå Kinsarvik, Ulvik og Lofthus.

Påmelding: Send ein e-post til ingeborg@eidfjord.kyrkje.com

Gje beskjed viss du har matallergiar

Me gler oss til å sjå deg😊

Tilbake