Me har Tårnagent annakvart år.
Me treng agentar til å vera med å løysa oppdrag og mysterium i Eidfjord kyrkje. Me utforsker også gamlekyrkja, og snik oss opp på loftet der for å høyre på ei fin forteljing frå bibelen.
Difor blir 2. - 4. klasse invitert til "Tårnagent".
Kva er ein Tårnagent lurer du nok på no. Ein ekte Tårnagent utforskar stader i kyrkja dei færraste veit om. Dei løyser spennande oppdrag, blir involvert i hemmelege mysterium og går på jakt etter dei forsvunne kyrkjeskattane.
Det kostar ingenting å delta.