Eidfjord kyrkje > Konfirmasjon
Konfirmasjon
 
Flotte konfirmantar frå 2017
 
Konfirmasjon - kyrkja sitt viktigaste ungdomsarbeid
Ordet "konfirmere" tyder "stadfeste", og det er Gud som stadfestar løfta han gav ved dåpen til konfirmanten.

Opplæringa i konfirmasjonstida er ein viktig del av kyrkja sitt arbeid med å oppfylle ansvaret for dei som er døypt.
Unge som ikkje er døypt, kan ta del i programmet for konfirmasjonstida, men dersom dei ynskjer å delta fullt ut i den avsluttande konfirmasjonsgudstjenesta, må dåp finne stad før denne. Konfirmasjonstida definerast som avslutninga av kyrkja sitt dåpsopplæringsprogram.

Undervisninga finn stad i Eidfjord kyrkje omlag annankvar tysdag i kyrkjelydssalen.

Vil du vita meir om konfirmasjonen er det mykje å finna på nettsidene til Kirken.no

Lestekstane til gudstenesta 8. mars:

1 lesetekst:

Det står skrive i Første Mosebok:

Jakob var åleine. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa. Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.» Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet.»
Slik lyder Herrens ord.

2. lesetekst

Det står skrive i Jakobs brev:

Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar; for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod. Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.

Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
Slik lyder Herrens ord.

Dåpstekst lesen av dåpsmedhjelpar:

Prest: Lat oss høyra kor venleg Jesus tek imot borna og opnar Guds rike for oss:
Medliturg:  Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei. 

Kalender for konfirmantane