Eidfjord kyrkje > Born og unge > Minikyrkje
Minikyrkje

Hei du som går i barnehagen smiley

Eg er Rolf Trustein. Eg er hjelpeprest i Eidfjord kyrkje. Eg har lyst til å invitere alle barn som går i barnehagen (2-6 år) til Minikyrkje. Det er kanskje litt skummelt å vere åleine i kyrkja. Derfor er heile familien din invitert òg. Har mamma eller pappa ikkje høve å vere med, ta med Besten, Besta eller fadderen din.

Men du lurer nok sikkert på kva minikyrkje er for noko. Me byrjar alltid med ein litt open del kl. 16.15. Der er me kreative og leiker litt på forskjellige stasjonar i kyrkja. Sidan denne delen er litt open derfor er det ikkje så nøye om de møter presis. Men seinast kl. 16.45 bør de vere på plass, då skal me nemleg syngje i lag og høyre ei forteljing frå Jesus og Gud eller andre folk som elskar Gud. Av og til er forteljingane spennande, triste eller morosame. Til slutt skal me alltid ete middag i lag. Ca. kl. 17.30 er me ferdige. smiley

Å kor eg gleder meg. Eg håper du syns òg det høyres kjekt ut. Eg gleder meg til å få lov å helse på deg og familien din. Første minikyrkje er torsdag 19. september kl. 16.15-17.30.

Ein må ikkje melde seg på, men om du veit sikkert at du kjem, så er det kjekt dersom me får ein liten peikepinn. Då kan mamma eller pappa sende ei melding med antall personer og evt allergiar til Manuela (40 21 66 11).

Snakkas i minikyrkja smiley

Helsing Rolf Trustein

 

Minikyrkjesamlingar