Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Har du sakna å gå til gudsteneste?

Har du sakna å gå til gudsteneste?

Det blir gudsteneste i Eidfjord kyrkje søndag 14. juni kl. 11.00.

Det er med glede me kan innby til den fyrste fysiske gudstenesta i Eidfjord etter at smitteverntiltaka vart innførte. Dette har vorte mogeleg etter at det vart opna for samlingar med inntil 50 deltakarar, og me har fått eit eige, godkjend smittevernregelverk for Den norske kyrkja www.kirken.no/korona

 Nedanfor følger generelle og spesielle smittevern tiltak

Etter pålegg i Coronalova § 13 vil me registrera dei frammøtte med namn og telefonnummer. Dette vil skje på papirlister. Listene vil verta oppbevara i safe, og makulert etter 10 dagar.
Me kan berre ta imot 50 deltakarar i kyrkja, utanom dei som gjer teneste der. 

I tillegg minner me om:

·         Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.

·         Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.

·         Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.

·         Unngå å ta på flater. Av den grunn vil det ikkje verte nytta salmebøker.

·         Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.

·         Ved nattverden vil det ikkje vera fysisk kontakt mellom dei som deler ut og dei som tek imot. Brødet vert lagt i begeret før ein tek imot vinen. Dei som deler ut syter for god handhygiene. Pass på å halde avstand.

·         Det vil av smittevernomsyn ikkje vere kyrkjekaffi.

·         Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.

·         Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.

Gravferder vil gå som normalt, men det totale antallet personar ved ei gravferd skal ikkje overstige 50 personar. I praksis betyr dette at det berre er dei næraste som kan delta i sermonien. 

Dåp: Me vil tilby dåp, men med same begrensningar på personar som kan delta. Dette kan skje i ordinære gudstenester eller i eiga dåpsgudsteneste. 

Konfirmasjon: Ny dato for årets konfirmasjon er 6. september 2020. Samtalegudstenesta vert torsdag 3. september. Denne datoane er med atterhald om at styresmaktene tillet å ha gudstenester / konfirmasjon då.

Vigsle: Me vil også kunne gjennomføra vigsle i tida som kjem. Desse vil vera med same begrensningar på anntall personar. Om de ynskjer vigsle kan de kontakta Kyrkjekontoret.

Kyrkjekontoret er ope for publikum, og her gjeld vanlege smittevernreglar.
Me held oss til våre faste opningstider måndag til torsdag frå 09:00 – 15:00. Me oppfordrar deg til å ringa oss eller skriva e-post.

Treng du hjelp til noko?
Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret.
Om nokon har behov for å snakka med prest eller diakoniarbeidar, er dei tilgjengeleg for samtalar. 

Dersom de har spørsmål, ikkje nøl med å ringe. 53 66 52 51
 

Denne sida vart oppdatert 26/05-2020

 


Del denne artikkel på e-post