Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Kosestund i kyrkja

Kosestund i kyrkja

Minikyrkje er eit nytt tiltak som me har byrja med i Eidfjord kyrkje. Vår eigen Rolf Trustein har invitert barnehagebarn med familiane sine til Eidfjord kyrkje.

19. September hadde me første samlinga.  15 born og 12 vaksne kosa seg i kyrkja denne dagen. Når borna kom, var det tid for leik. Forskjellige stasjonar i kyrkja inviterte til å vere kreativ eller til leik. Stemninga var god og avslappande. Etter ei stund samla me oss. Me song fine songar i lag og Rolf Trustein fortalde ei bibelforteljing. Tema for dagen var «Jesus og borna». «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» (Luk 18, 16b-17) Samlingsstunda blei avslutta med såpeboblar og ein velsigningssong.  Heile Minikyrkja blei avrunda med ein felles middag. Det smakte godt og alle reiste heim mette og glade. Velkommen neste gong torsdag 31. Oktober.


Leik og moro 


kreativ tid 


Kva har Manuela og Rolf å fortelja?


Del denne artikkel på e-post