Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Konfirmantane våre

Konfirmantane våre

Tysdag 3. september var det innskriving av årets konfirmantar i kyrkja vår. 9. klasse stilte mannsterke opp i lag med foreldra sine. 10 ungdomar ønsker å ta del i konfirmasjonsundervisninga dette året, og det syns me som arbeider i kyrkja er stor stas.

Johannes, nyepresten vår, gler seg til fine timar i lag med konfirmantane. Dei skal gjere mykje kjekt i lag. Første undervisningsdag er tysdag 17. september.

Søndag 22. september kl. 11.00 vert konfirmantane presenterte i gudstenesta i Eidfjord kyrkje. Det vert også årets minikonfirmantar, som også får kvar sin Bibel denne dagen. Ta turen du også, då vel!

Konfirmasjonsdagen vert 3. mai 2020. 


Del denne artikkel på e-post