Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kyrkjeglytten
Eidfjord kyrkje sitt misjonsprosjekt
   
Publisert 15.02.2017
Plakat salmekveld

 

Har du lyst å bli med på ein fin kveld i kyrkja? Me har tidlegare oppfordra folk om å melda inn salmar dei har eit spesielt forhold til. No vil me laga ein salmekveld der me dreg desse salmeskattane fram i ljoset.

Publisert 29.11.2016
Salmekveld.png

 Me som til dagleg arbeider i kyrkja, har erfart at det er interesse i bygda for ein salmekveld, ei samling der me saman kan syngja dei beste og mest folkekjære songane.

Me har alt nå sett opp datoen sundag 5. mars (kl. 18.00), slik at du har høve til å merka den av i almanakken din.


Har du ein favorittsalme kan du sende forslag til kyrkjekontoret så kanskje kjem den med i programmet.  Ring 53665251, eller send forslaget i posten eller på e-post til Kris, organisten vår: rufsenis@gmail.com


Me gler oss og håper du bli med!
 

Publisert 21.04.2016
Minikonfirmantleir 2016

 

1. - 3. april var det minikonfirmantleir i Sætervika. Med på leiren var det 41 minikonfirmantar og 15 leiarar frå Utne, Ullensvang, Kinsarvik, Eidfjord og Ulvik sokn. Det vart ein kjempekjekk leir, takk til alle som var med.

Til hausten startar me opp att med ny minikonfirmantklubb. Velkommen til alle som no går i 4. klasse og som har lyst til å vere med på minikonfirmantklubb og leir neste skuleår.

 

 

Publisert 16.12.2015
DSC_0018.JPG

Det vart ei koseleg stund i kyrkja i går, når det var duka for adventsgudsteneste.
Fleire av borna tok del i gudstenesta.

 

Publisert 15.09.2015
Lokal logo kyrkjeval.jpg

Faste medlemer:

 

  • Sigrid Bu (leiar)
  • Hans Hellevang (nestleiar)
  • Solveig Liseth Vik (frivillighetskoordinator)
  • Liv Bente Stakseng Rokne
  • Marte Malterud Seip
  • Kjellaug Enge
Publisert 29.06.2015

Ranveig Lægreid syng i Gamelyrkja kvar laurdag fra 27 juni til 1 august. Kyrkja er open fra 2030 til 2130. Ranveig syng kl 2045. Gratis inngang, frivillig kollekt ved utangen.

Publisert 19.05.2015
DSC_0047.JPG

 Søndag 7. juni var det  klimagudstenste og klimapilegrimstur på Bu.

Kyrkjer i heile landet var oppmoda om å arrangere klimavandringar i framkant av klimatoppmøtet i Paris, og me tok sjølvsagt utfordringa.

Publisert 05.05.2015
Lokal logo kyrkjeval.jpg

 Valnemnda har kome fram til følgjande kanditatar til soknerådet:

  1. Sigrid Bu 1943
  2. Hans Hellevang 1949
  3. Tor Bu 1945
  4. Bjørg Målfrid Hereid 1948
  5. Kjellaug Enge 1960
  6. Marte Malterud Seip 1946
  7. Solveig Liseth Vik 1988
  8. Torolv Lægreid 1943
  9. Tonje Guldbrandsen Skår 1987
  10. Jostein Hovland 1969
  11. Liv Bente Stakseng Rokne 1981

Møt opp på valdagen, og stem fram din favoritt!

Publisert 10.03.2015
kirkens-sos-2015.png

 Kirken SOS er ei døgnopen kriseteneste. Kvart år har dei nær 200 000 samtalar på telefon og internett.

Les meir i lenka Kirkens SOS under fana "Linkar" øvst på denne sida.

Publisert 10.02.2015
Lokal logo kyrkjeval.jpg

 

 Det er val til hausten, og dette gjeld også for kyrkja.

Kan du tenkje deg å vere med i soknerådet i Eidfjord? Lurer du på kva eit sokneråd eigentleg gjer? Kva med fellesrådet, korleis fungerer dette?

Alt dette får du svar på dersom du klikkar på fana "Kyrkjeval 2015" til venstre på denne sida.

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord kyrkje
Lægreidsvegen 24 Postboks 23
5786 Eidfjord
E-post : eidfjoso@online.no
Telefon
: 5366 5251

Til ettertanke

Er ikkje det du er viktigare enn det du gjer?
 
Dagens ord
Eidfjord gamle kyrkje
Eidfjord kyrkje
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering